Her finn du stort og smått som er greit å vite om opphaldet på Strunkeveko. I 2025 blir kurset arrangert på Merket. Kursveka er 6.–11. juli.
Kva er Strunkeveko?
Strunkeveko blir i 2025 arrangert på Merket i Tisleidalen. Ein kan køyre hit via riksveg 51, frå hallingdalssida via Gol, eller frå valdressida via Leira. Dersom du vil lese meir om Merket kan ein gå til heimsida deira her!
Skal du på Strunkeveko er buss eit godt tips både for komforten og miljøet. Valdresekspressen går til Leira frå Oslo, Fagernes, Beitostølen, Årdalstangen og Sogndal. Du finn oversikt over ulike kollektive reisetilbod frå alle kantar av landet her.
Oppmøte og registrering
Oppmøte er mellom kl. 17 og kl. 19 sundag. Då blir det grilling før lærarkonserten. Når de kjem får de utdelt rom og informasjon.
Innkvartering
De bur på to- og tre- og firemannsrom. Mange kjem med ynskje om kven dei vil dele rom med og dette vil me prøve å ta omsyn til, men me kan ikkje garantere at inndelinga blir akkurat slik du ynskjer det. De får vite kven de skal bu med når de kjem på kurset.
Me har nattevakter i kvart av husa. Nattevaktene ser til at alle er på plass og at det er ro i husa på nattestid. Alle deltakarar må sjølve ta med seg sengeklede (dynetrekk, putevar og laken), men det er også høve å leige på Merket. Det er fint om dei vaksne ser til at dette blir lagt på sengene fyrste kvelden.
Dersom du har allergi og må ha særskilt diett, eller det er andre omsyn me skal ta, må du seie ifrå innan 15. juni om du ikkje fekk gjort det i påmeldinga.
Undervising
I løpet av kursveka får du undervisning både i grupper og individuelt. På dei fleste kursa prøver me å dele inn gruppene etter nivå og alder, dette for å gje alle deltakarane eit best mogleg tilbod. I tillegg blir det høve til å spele til dans fleire gonger i løpet av veka, og alle deltakarane får eit innføringskurs i pardans.
Reglar
For at me skal ha ei god kursveke, har me nokre reglar som gjeld for alle deltakarane så lenge dei er på Strunkeveko:
- Ein må ikkje forlate Merket sitt område utan lov.
- All bruk av tobakk og alkohol er forbode.
- Alle skal vera på plass på sine eigne rom, og det skal vere stille i alle hus kl. 23.30 (Krullarkro, for dei som er født i 2011 eller før sluttar kl. 01.00)
- Ved brot på reglane risikerar elevane:
– At dei må ligge på rom med ei av nattevaktene.
– At dei må ringe heim og fortelja kva dei har gjort.
– Ved stadige brot/grove regelbrot kan elevane bli heimsende.
Bilete frå Strunkeveko
Me kjem til å ta bilete i løpet av kursveka. Desse bileta kan seinare bli nytta på nettsidene og i reklamemateriell/trykksaker. Dersom de vil reservere dykk imot dette, må de sende beskjed via e-post i god tid før kursstart, eller fjerne markeringa for at du godtek bruk av foto i påmeldinga.
Bading
Det vil bli organisert bading. Dette vil gå føre seg i grupper, og det vil vere med badevakter. For at elevane skal kunne vere med på badinga, treng me godkjenning frå foreldra. Det blir difor sendt ut «badelapp» i infoen som kjem etter at påmeldinga er avslutta.
Overnatting
Mange foreldre til born på Strunkeveko ynskjer å opphalde seg i Valdres under kursveka. Her har vi samla ulike alternativer for overnatting. For meir informasjon kontakt Visit Valdres.
Festivalcamping
Jørn Hilme-stemnet har sin eigen festivalcamping midt i Fagernes sentrum. Campingen ligg på den gamle idrettsplassen nede ved Strondafjorden. Her har vi plass til både bubilar, campingvogn og telt. Festivalcampingen har tilgang til straum, vatn og garderobeanlegg. Bestill plass på festivalcampingen her.
Fagernes camping
Fagernes, like ved Valdres Folkemuseum
61 36 05 10
Campingplassen ynskjer ikkje bråk og festing
Valdres Camping
Leira, 4 km frå Fagernes mot Oslo
61 36 10 00
Bjørkestølen Helårscamping
Tisleidalen, 23 km frå Fagernes mot Gol
905 96 789
Strandheim hyttetun og camping
Leira, 5 km frå Fagernes mot Oslo/Gol
907 52 561
Fossen Camping
Skrautvål, 6,5 km frå Fagernes mot Beitostølen
61 36 35 34
Søndre Svennes Camping
Strand, 6,5 km frå Fagernes i retning Bergen
988 22 949
Aurdal fjordcamping og hytter
Aurdal, 15 kilometer frå Fagernes mot Oslo
61 36 52 12
Scandic Valdres
Fagernes sentrum
61 35 80 00
Nythun
Kruk, 13 km frå Fagernes i retning Steinsetbygda/Etnedal
61 35 79 30
Furulund pensjonat
Røn, 15 km frå Fagernes i retning Bergen
909 65 669