Kvalitetskurs for dei mindre!
Er du for liten for Strunkeveko? Fortvil ikkje, Ministrunken ventar på deg!
Foto: Ingvil Skeie Ljones
Valdres Folkemuseum på Fagernes er den idylliske arenaen for todagarskurset Ministrunken for barn i alderen 6–11 år. Det er påmelding til Ministrunken, og alle kurs brukar å bli fylt opp.
Under Jørn Hilme-stemnet står song, dans, hardingfele, fele, langeleik og toradar på planen. Medan dei vaksne kan oppleva museet, gå på kurs på Jørn Hilme-stemnet eller utforske Valdres på eiga hand, er dei trivelege stovene på museet kursarena for Ministrunken. I tillegg til læring er det fleire fellesøkter med leik og moro utandørs på museumsområdet.
Torsdag får ministrunkane sjølve halde konsert. Her får dei høve til å vise fram kva dei har lært på kurset – ein verkeleg publikumsvinnar!
Å vera med på Ministrunken kostar 1000 kr, og inkluderer mat, instruksjon og konsertar. For påmelding, sjekk Strunkeveko sine nettsider her!
Er du mellom 3 og 5 år og har ein vaksen som kan følge deg, då kan du bli med på Mikrostrunken!
Kursdagar 2025:
Onsdag 9. juli kl. 10.00–15.00
Torsdag 10. juli kl. 10.00–15.00
HUGS PÅMELDINGSFRISTEN 15. JUNI KL. 23.59!