Strunkehelg 2025 - Fele


Felekurs med Anne Marit Jota!


Velkomen til Strunkehelg på Merket 17.– 19. januar 2025.

Det blir kurs i pardans, halling, hardingfele, fele, torader, song og langeleik.

Instruktør i fele er Anne Marit Jota!

Instruktørar på dei øvrige kursa er Frank Henrik Rolland, Stian Johan Roland, Vilde Westeng, Inge Gjevre, Margrete Nordmoen, Andrea Søgnen m.fl.

Aldersgrense 11–20 år.

FØREBELS TIMEPLAN:

Fredag:
18.00 Velkomen! Deltakarane får tildelt rom.
19.00 Deltakarane blir delt inn i grupper og får litt undervisning før kveldsmat
21.00 Kveldsmat, lærarkonsert og dans

Laurdag:
09.00 Bisk
10.00 Undervisning
13.00 Dugurd
14.30 Fellesdans eller andre aktivitetar
16.00 Undervisning
18.00 Nons
20.00 Dansefest

Sundag:
09.00 Bisk
10.00 Undervisning
12.00 Dugurd
13.00 Undervisning, pakking ut av romma og gjere seg klar til konsert
14.00 Konsert for å syne fram det gruppene har jobba med, foreldre og andre er velkomne til å høyre/sjå på.
15.00 Avreise

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Fredag 17. januar kl. 18.00
Slutt: Sundag 19. januar kl. 15.00
Stad: Merket i Tisleidalen
Pris: 1250 kr